”- Styrarane har utvikla seg til å bli dei beste leiarane i offentleg sektor"

120 styrarar, førskulelærarar og studentar var mottakelege for nestor Kjell-Åge Gotvassli sine rosande ord. Torsdag 8. september starta Sogn regionråd det andre kullet med leiarutdanning for pedagogane i barnehagane. Delprosjektet ”Sats på barnehagen – snu Sogn” er dermed i ferd med å verte realisert som planlagt.

Dei sju kommunane i Sogn regionråd stiller med heile 60 deltakarar når regionrådet gjennomfører leiarutdanning á 30 studiepoeng for barnehagesektoren. I tillegg til studentane frå kull 1 og 2, deltok om lag 30 førskulelærarar frå kommunale og private barnehagar på førelesinga med Kjell-Åge Gotvassli.  25 førskulelærarstudentar frå Høgskulen i Sogndal var også med på denne fagdagen. Dei skal snart ut i praksis i heile regionen, og til våren er dei klare for arbeidslivet. ”Velkomen skal de vere, og vi vonar at de søkjer jobb hos oss!”, sa regionrådsleiar, ordførar i Luster Torodd Urnes, i si opning av dagen.

Truleg aldri før har så mange førskulelærarar vore samla i Sogn. Regionrådsleiar Urnes var tydeleg stolt over det engasjementet vi ser i delprosjektet ”Sats på barnehagen – snu Sogn”.  Tove Rygg, direktør ved NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane, la stor vekt på partnarskapsavtalen mellom NAV, Utdanningsforbundet, Høgskulen i Sogn og Fjordane og regionrådet. ”Dette er ein heilt unik og banebrytande måte å arbeide på. Saman skapar vi betre læringsmiljø og eit betre arbeidsmiljø i barnehagane i Sogn”, sa Rygg.

Styrarane i barnehagane har utvikla seg til å bli blant dei beste leiarane i Noreg. Dei store orda tilhøyrer Kjell-Åge Gotvassli. Han er førsteamanuensis ved Høgskulen i Nord-Trøndelag, og har doktorgrad innan leiing i barnehagane. Kunnskap er ein prosess, og prosessen må leiast, sa Gotvassli.  Styrarane må utvikle rollane sine som kulturelle arkitektar, og dei må styrke samhandlinga med omverda – for barnehagesektoren er i veldig stor endring. 

Sjå Gotvassli sin presentasjon

Gotvassli opningssamling 8.9.2011Opningssamling Sats på barnehagen - snu Sogn, 8.9.2011

2011-09-12 Karina Nerland
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut