- Vi må styrke alle barna si psykiske helse, ikkje berre dei som har særskilte behov!

Fagnettverk i psykisk helse hadde samling torsdag 19. mars. Fleire av innleiarane sette fokus på ansvaret vi har for å byggje trivsel og motivasjon for alle barna og elevane i barnehage og skule

Alle har ei psykisk helse, på lik line som alle har ei fysisk helse. Psykisk helse er som kondisjon, den må haldast ved like og trenast. Det har vore lett for å sjå psykisk helse som sjukdom eller ei lyte. Temaet har diverre vore knytt til fordommar og uro. Psykisk helse handlar i botn og grunn om korleis vi har det, kva vi føler og kva vi tenkjer – kva handlingsalternativ vi har, og kva moglegheiter vi ser.

I barnehage og skule kan det vere lett å knyte tematikken til barn med åtferdsvanskar og spesielle behov. Men god psykisk helse  er knytt til identitet og sjølvrespekt, meining med livet og meistring, tryggleik og sosialt fellesskap. Gode barnehagar og skular er i seg sjølv viktige aktørar i å byggje trivsel og god psykisk helse. Samstundes kan vi gjere ytterlegare tiltak for å styrke arbeidet med barna si psykiske helse. Det er det fagnettverket i psykisk helse arbeidar med.

Rektor Bjarte Ramstad fortalde med innleving om korleis Trudvang skule i Sogndal legg til rette for utvikling av ”heile” eleven. Han la vekt på eit skulane sin trong for barnefagleg og tverrfagleg kompetanse. Rådgjevar Emma Bjørnsen frå Helse Førde peikte på at ”berre” 10% av helse blir skapt i helsesektoren. Det er i dei andre samfunnsområda at god psykisk og fysisk helse blir skapt. Bjørnsen oppmoda om å sjå psykisk helse i eit motivasjons- og trivselsperspektiv. Prodekan Aud Marie Stundal frå Høgskulen i Sogn og Fjordane la vekt på korleis HiSF kan samarbeide med kommunane og andre aktørar om å styrke arbeidet med psykisk helse, spesielt innan utdannings- og opplæringssystemet. Solrun Samnøy frå Regionalt Kunnskapssenter barn og unge fortalde om forskingsfunna som ho har gjort, etter å ha forska på bruken av verktøyet ”Psykologisk førstehjelp” på fire av 1-10 skulane i Sogn. Konklusjonen er at det nyttar å jobbe kollektivt i personalgruppene med ulike verktøy og tiltak på motivasjon, trivsel og god psykisk helse.

Fagnettverk i psykisk helse er eit regionalt, tverrfagleg læringsnettverk i Sogn. Nettverket er organisert som eitt av dei 20 fagnettverka for skuleområdet i utviklingsprogrammet ”System for styrka læring”, i regi av Sogn regionråd. På nettverket deltek leiarar og tilsette i barnehage- og skuleverket, barnevern, helsesystre og pp-tenesta. Målsetjinga med nettverket er å dele, skape og bruke ny kunnskap. Deltakarane på nettverket bidreg med kunnskap, innspel og meldar trong for ulike behov i prosessane med å utvikle og samskape nye tiltak. Nettverket vart starta opp i regi av Sogn regionråd i 2012, og vi har hatt om lag 40 – 75 deltakarar desse fire åra nettverket har vore i sving.

Presentasjonane finn du her:

Rektor Bjarte Ramstad, Trudvang skule

Rådgjevar Emma Bjørnsen, Helse Førde

Prodekan Aud Marie Stundal, HiSF

Forskar Solrun Samnøy, RKBU og Oppsummering frå forprosjektet - Populær vitskapleg rapport

Regionalt kunnskapssenter for barn og unge, Uni Research Helse www.uni.no/helse/rkbu har gitt tilsagn om midlar til samlinga.

2015-03-27 Karina Nerland
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut