Samarbeidet er ikkje ei samanslutning eller eit organ i høve til lovverket, men er formalisert i den grad gruppa får oppgåver frå Sogn regionråd. Vidare er samarbeidet strukturert med jamnleg møtefrekvens og ein leiar vert valt for eitt år om gongen.

Rådmannsgruppa i Sogn regionråd har desse medlemmane:

Jarle Skartun, Luster kommune (leiar)
Jostein Aanestad, Sogndal kommune (nestleiar)
Steinar Søgaard, Aurland kommune 
Svein Arne Skuggen Hoff, Balestrand kommune
Kjellaug Brekkhus, Høyanger kommune
Odd Arve Rakstad, Leikanger kommune
Arne Johansen, Lærdal kommune
Oddbjørn Ese, Vik kommune
Olve Fossedal, Årdal kommune 

Prosjektrådmann for nye Sogndal kommune, Stig Arne Thune og dagleg leiar i Sogn regionråd, Karina Nerland, deltek på møta.