System for styrka læring er kommunane i Sogn regionråd sitt program for barnehage- og skuleutvikling 2013-2021. Målet for programmet er: Auka læringsutbytte for alle, gjennom styrka tilpassa opplæring og redusert bruk av spesialundervisning». 

Evalueringa er basert på gjennomgang av dokument og informantintervju. Evalueringa presenterer sentrale funn og kjem med konkrete tilrådingar for vidare utviklingsarbeid. Rapporten er utarbeidd av Trond Buland og Mette Meidell ved NTNU Institutt for lærerutdanning.

Vi inviterer kommunane og samarbeidspartar til Trond Buland sin presentasjon 4. juni.  

Stad: Quality Hotel Sogndal
Tid: Måndag 4. juni 2018 kl 11-13

Vel møtt!

Påmelding til presentasjon av rapporten 

Les rapporten