I møtet deltok formannskapsmedlemmar, rådmenn, næringsansvarlege og eksterne aktørar, omlag 50 deltakarar. Tema for møtet var "Kva skal til for å skapa vekst og utvikling i Sogn?" og det kom mange innspel til regionalplanen. Prosessleiar var Eli-Grete Høyvik.

Forskar Lars Ueland Kobro orienterte om næringsanalysen dei har laga for Sogn og resultata frå Telemarksforsking sitt prosjekt om suksessrike distriktskommunar. Han utfordra deltakarane på å utnytte kunnskapen frå denne studien i lokale og regionale strategiar. Sjå presentasjonen. 

Innspela frå arbeidsverkstaden vil gje innhald til regionalplan for Sogn regionråd 2013-2016. Arbeidsmøtet munna ut i fleire tema som deltakarane vil jobba vidare med i arbeidsgrupper.

 Arbeidsmøte 28.9.2012 007 epost storArbeidsmøte 28.9.2012 005 epost stor besk
   Lars Kobro frå Telemarksforsking, prosessleiar Eli-Grete Høyvik og leiar i Sogn regionråd Noralv Distad, og bilete 
   frå arbeidsverkstaden.
Arbeidsmøte 28.9.2012 Bilde 022 epost storArbeidsmøte 28.9.2012 Bilde 023 epost stor

 

Sogn avis publiserte ein kronikkserie før arbeidsmøtet: