I mars vedtok regionrådet regionalplanen med dei felles satsingsområda som kommunane vil samarbeide om dei neste fire åra: attraktiv buregion, kompetanse, næringsutvikling og samferdsle.

Kommunane i Sogn vil bruke bustadtilbodet som tiltak for tilflytting og trekka til seg fleire innbyggjarar. Eit treårig prosjekt vart starta opp i 2017 for å gjennomføra tiltaka i bustadstrategien for Sogn. 

"System for styrka læring" er kommunane i Sogn regionråd sitt regionale program for barnehage- og skuleutvikling. Ny programleiar byrja på nyåret og ny psykolog i mai. For felles løft for å styrke basiskunnskapen om kva som byggjer god psykisk helse får tilsette i regionen tilbod om 10 timar kompetanseheving. Frå hausten kom fleire barnehagar i gang med opplæringa. Prosjektet Entreprenøriell verktøykasse heldt fram i året som var og skal munne ut i arbeidsmåtar og idear for å gjera skulane meir entreprenørielle og utviklingsorienterte. Eit toårig prosjekt "Frå spesialundervisning til tilpassa opplæring" vart avslutta om våren med særs gode tilbakemeldingar frå PPT og dei fem skulane som var med: Feios, Flatbygdi, begge skulane i Leikanger og Gaupne skule. Vi har 30 fagnettverk for tilsette ved barnehagane og skulane i regionen. Nettverka handlar om å dela, bruka og skapa ny kunnskap og Høgskulen på Vestlandet er ein viktig samarbeidspart. Den årlege entreprenørskapsmessa samla 600 ungdomsskuleelevar frå regionen i Høyanger i mai. Messa levde opp til målet om initiativ, skaparlyst og kreativitet.

Prosjektet om masterplan og berekraftmerking av reisemålet Sogn vart starta opp på hausten og kommunane har vedteke å støtta arbeidet. Visit Sognefjord er prosjektansvarleg. Gjennom prosjektet skal Sogn utviklast som berekraftig reisemål og på sikt gje auka verdiskaping.   

Regionen har stått samla om prioriterte samferdsletiltak overfor stat og fylkeskommune. Til nasjonal transportplan var rådet samla om å prioritera rv 52 over Hemsedal som hovudsamband mellom aust og vest og Vikafjellstunnelen. Til fylkeskommunen sin regionale transportplan gav rådet innspel om utbetring av fv 55 og støtte til prioriteringsliste over rassikringstiltak på fylkesvegane. I samarbeid med Visit Sognefjord og næringa heldt arbeidet med å styrka Sognebåten fram i 2017. Tiltaka som er spelt inn og drøfta med politisk og administrativ leiing i fylkeskommunen er utvida sommarrute og endra endestogg til Flåm. 

I årsmeldinga kan du lesa meir om aktivitetane i regionrådet