Banebrytande barnehagar: Fagnettverk på nett!

Barnehagane i Sogn etablerar nye arenaer for å vidareutvikle kvaliteten i barnehagane. Internett blir eit viktig verktøy som læringsplattform for regional kvalitetsutvikling.

Rammeplanen er ei forskrift som seier kva innhald barnehagane skal arbeide med. Forskrifta har sju fagområde. I regi av programmet ”System for styrka læring” har dei åtte kommunane i Sogn regionråd gått saman om å utvikle sju regionale fagnettverk.

Aurland og Lærdal delar eitt nettverk, medan Årdal, Luster, Sogndal, Vik, Balestrand og Leikanger har ansvar for kvart sitt nettverk. Tre personar frå kvar kommune er nettverksansvarlege. Dei planlegg og koordinerar innhald på samlingane.  Styrarnettverket i Sogn har det overordna koordineringsansvaret.

Nettverka er arbeidsfellesskap for tilsette i barnehagane, på tvers av dei åtte kommunane i indre Sogn. Kvart nettverk har 20 – 25 medlemmar frå dei 42 kommunale og private barnehagane. Her møter engasjerte fagfolk kvarandre til kurs, konferansar, erfaringsutveksling, evaluering og felles utviklingsprosjekt. Nettverka skal ha to planlagde samlingar, ei kvart halvår.

No har vi laga ei open nettside. Dette er læringsplattforma for nettverka. Her informerer vi om pågåande prosjekt, nye tiltak – samt materiale, ”oppskrifter”, gode døme, referat, tips, stoff, artiklar og ulike presentasjonar frå førelesingar, kurs og samlingar.

Sida finn du her: fagnettverk.wikispaces.com

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut
Design: CustomPublish AS | Publiseringssystem: CustomPublish AS