Partnarane i dette kvalitetsløftet er Utdanningsforbundet, Høgskulen i Sogn og Fjordane, NAV Arbeidslivssenter og Sogn regionråd. Vi skal i fellesskap auke kvaliteten i sektoren, styrke barnehagen som læringsarena og skape eit meir inkluderande arbeidsliv.

Til liks med skulesatsinga, har vi også tre ”bein” i dette delprosjektet: Leiing, fagnettverk og utvikling av kommunane si rolle som barnehageeigar. Frå hausten 2010 til desember 2012 er 61 styrarar, assisterande styrarar, pedagogiske leiarar og førskulelærarar i ferd med å gjennomføre 30 studiepoeng i leiing. Vi er også i ferd med å etablere regionale fagnettverk for dei sju fagområda i rammeplanen. Dermed vil alle pedagogane i barnehagen delta på minst eitt regionalt nettverk, og vi vil samla sett få styrka barnehagane sitt arbeid med kvalitetsutvikling.