Bustadstrategi for Sogn - til handsaming i kommunane

Bustadstrategi for Sogn er sendt til kommunane for godkjenning

Strategidokumentet får fram mogeleg løysingar, gode grep og virkemiddel der kommunane kan bruka handlingsrommet, og peikar på på fem område for bustadutvikling i Sogn:

  1. Aktivisera kommunane si bustadpolitiske rolle
  2. Auka variasjonen i bustadtilfanget
  3. Auke kompetansen om bustadmarknaden og verkemiddel i bustadforsyninga
  4. Meir målretta arealplanlegging koordinert med bygging av kommunal infrastruktur
  5. Meir samordna informasjon om Sogn som felles bustadarena.

Det er tiltak for kvar av dei fem strategiane. Strategiane legg opp til at kommunane tek ein tydlegare posisjon i bustadmarknaden enn før.

Strategien vart handsama i Sogn regionråd 16.9.2016. Rådet meiner strategien er eit godt grunnlag for vidare arbeid, og oppmodar kommunane om å godkjenne strategien og delta i vidare arbeid.

Bustadstrategi for Sogn

Les meir om strategiarbeidet her

2016-09-23 Karina Nerland
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut