Kommunane i Sogn ønskjer å trekka til seg fleire innbyggjarar. Samstundes aukar mangfaldet i befolkninga, og dette set større krav til variasjon i bustadtilbodet.

Bustadstrategien for Sogn vart utarbeidd i 2016 og får fram moglege løysingar, gode grep og virkemiddel der kommunane kan bruke handlingsrommet. Strategien viser til at det er fleire faktorar som påverkar bustadbyggebehovet som kan vera vesentleg høgare enn det prognosane tilseier. Dette vil særleg vere tilfelle dersom kommunane ynskjer å bruke bustadtilbodet som tiltak for tilflytting og etablering. Strategien peikar mellom anna på at prøvebustader /gjennomgangsbustader er mangelvare i mange kommunar.  Du kan lesa meir om strategien her.

Prosjektet for bustadutvikling starta våren 2017 og vil gå over tre år (2017-2019). Område det blir jobba med går fram av tiltaka i bustadstrategien mellom anna offentleg-privat samarbeid, møtepunkt med byggebransjen, virkemiddel i utbyggingspolitikken, gode eksempel på bustadpolitisk handlingsplan og etablering av tverrfagleg bustadgrupper i kommunane. 

Prosjektleiar er Arne Kringlen epost arne.kringlen@norconsult.com.