Ein delegasjon frå Sogn med utgangspunkt i ”System for styrka læring” drog i februar 2014 på studietur til Essunga. Denne lille kommunen nordaust for Gøteborg har gjennomført ein formidabel snuoperasjon. 75% av kommunane i Sverige har vore på studiebesøk, og delegasjonen frå Sogn var den siste i ei lang rekkje av lærelystne skulefolk.

Grepa dei har brukt for å gjennomføre denne snuoperasjonen er å bruke dei midlane dei allereie hadde innanfor rammene, byggje spesialpedagogisk kompetanse i kollegiet, bruke forskingsbasert kunnskap og ha inkludering og tilpassa opplæring som overordna og fundamental strategi.

Leiar i rektornettverket i Sogn, Ole Jørgen Øygarden, var reiseleiar for delegasjonen frå Sogn. Han fortel om ei særs vellukka studietur og mykje å lære. Marit Mjøs frå programstyret og Statped vest har skrive eit kort notat om snuoperasjonen og lærdomen frå studieturen. Ho fortel om 13 «Råd för ett framgångsrikt förändringsarbete» som forskarane i Sverige er komne fram til etter dette utviklingsarbeidet. I tillegg legg vi ut materialet som vart presentert på førelesingane i Essunga.

- Innspela, lærdomen og kunnskapen tek vi vidare i rektornettverket, i nettverka for spesialundervisning og i programstyret for System for styrka læring, fortel ein engasjert rektor på Flatbygdi skule.

Notat frå Marit Mjøs til programstyret "System for styrka læring"

Presentasjon frå Essunga "Att göra en Synvända"

Bilete frå studieturen: Elisabeth og Bengt Persson fortel om suksessen i Essunga til delegasjonen frå Sogn og Nord-Trøndelag fylkeskommune.
Nederst: Marit Mjøs presenterer Statped Vest på Høgskolan i Borås.

Essunga.jpg

Elisabeth og Bengt Persson.jpg

Marit Mjøs på Høgskolan i Borås.jpg