Digitalt planregister er på plass

Kommunane i indre Sogn er dei første i fylket som har på plass eit digitalt planregister.

Eit digitalt planregister lettar forvaltningsarbeidet i kommunane og har stor informasjonsverdi for publikum og for næringslivet. All data er tilgjengeleg på www.sognekart.no

Sogn regionråd fekk fornyingsmidlar frå fylkesmannen til å gjennomføra prosjektet. Kommunane har lagt inn over 650 planar i kartportalen.

Eit digitalt planregister stiller store krav til kompetanse om digitale metodar og teknisk dataforvaltning i kommunane. Etablering og vedlikehald av eit planregister eignar seg derfor godt for eit kommunalt samarbeid. Vi skal no setja inn ressursar på å ajourføra og vidareutvikla eksisterande register. 
 
Notat om digitalt planregister

Rettleiing  

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut
Design: CustomPublish AS | Publiseringssystem: CustomPublish AS