- Vi har unike kvalitetar og mange likskapstrekk som vi kan byggje på i eit samarbeid, seier leiar i Sogn regionråd Jan Geir Solheim.

Nytt fylke opnar for nye samarbeidsrelasjonar og moglegheiter. Tema på møte var felles utfordringar og moglege samarbeidsområde. Ordførarane som møttest på Voss viser ein vilje til samarbeid, og dei ser at dette kan bli starten på noko nytt. Indre Vestland kan ta ein posisjon og ha ei tydeleg stemme når nye Vestland fylke blir etablert.

- Vi vil bruke tida framover til drøftingar i kommunane der vi ser på vegen vidare og kva samarbeidet kan handla om, seier Hans Petter Thorbjørnsen, leiar i Hardangerrådet.

Kontaktinfo:
Jan Geir Solheim, leiar i Sogn regionråd, jan.geir.solheim@laerdal.kommune.no, 98888800
Hans Petter Thorbjørnsen, leiar i Hardangerrådet, hans.petter.thorbjornsen@ulvik.herad.no, 40007119
Eirik Haga, ordførar Vaksdal, eirik.haga@vaksdal.kommune.no, 93041036
Hans-Erik Ringkjøb, ordførar Voss, hans.erik.ringkjob@voss.kommune.no, 97138720