Norsk skule manglar i dag den direkte koplinga mellom entreprenørielle aktivitetar og måla i læreplanen. Skal skulane bli meir entreprenørielle og utviklingsorienterte, må vi synleggjere korleis vi når måla i læreplanen med entreprenørskap som metode.

Prosjektet har to hovudmål: 1) synleggjere kva mål i dei spesifikke læreplanmåla for kvart fag på 1.-10. trinn i grunnskulen vi kan oppnå og realisere, med bruk av entreprenørskap som metode og 2) synleggjere, dokumentere og vise verktøy, arbeidsmåtar og eit utval av metodar skular kan nytte i arbeidet med å nå måla i læreplanen med bruk av entreprenørielle verktøy som metode.

Prosjektet vil ende opp med ei entreprenøriell verktøykasse. Det vil seie eit sett av dokument, døme, presentasjonar, malar og idear som kan nyttast for å nå dei overordna måla med prosjektet.

Sogn regionråd har fått midlar frå Sogn og Fjordane fylkeskommune og regionrådet har løyvd eigne midlar til prosjektet.