Entreprenørskapsarbeidet i skulane skal gje elevane praktisk røynsle med kreativitet, innovasjon og drift av elevverksemder. Det er med på å gjere skuletida meir pulserande, mellom anna gjennom årlege entreprenørskapsmesser, siste messa var i Gaupne. Les brosjyra frå entreprenørskapsmessa 2012

Frå 2013 går vi i gang med eit formelt studium á 15 studiepoeng i entreprenørskap, der deltakarane blir lærarar, skuleadministrasjon, dei kommunale næringsavdelingane og representantar frå lokalt næringsliv. Entreprenørskap er den raude tråden i prosjektet. Leiarutdanningane for skulane og barnehagane handlar i stor grad om entreprenørskap: Kvar er moglegheitene – og korleis nå dei!