Entreprenørskapsmesse i Vik

Tysdag 7. mai gjekk den årlege entreprenørskapsmessa for Indre Sogn av stabelen. I år vart messa halde i Vik.

TF Temafester frå Lærdal vann i kategorien Formidling og kommunikasjon. Foto: Ungt Entreprenøskap

Det er femte gong regionrådet arrangerer entreprenørskapsmesse for ungdomsskuleelevane i Sogn. Gründer og fotograf Thomas Morel frå Feios var føredragshaldar. Elevane besøkte bedrifter i Vik for å lære næringslivet å kjenna og elevane frå 8. klasse fekk sjå kva elevane i 9. klasse har arbeidd med når dei stilte ut sine elevbedrifter.

Entreprenørskapsmessa er eit samarbeid med vertskommunen Vik, stiftinga Ungt Entreprenørskap og Sogn regionråd.

Les meir om messa på Ungt Entreprenørskap si nettside

Program 

Faksimile Sogn avis 11. mai 2013

2013-05-08 Berit Røneid
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut