Entreprenørskapsstudiet er i gang

Dei åtte ordførarane deltok saman med studentane og skuleleiinga på oppstartsdagen for pilotstudiet "Entreprenøriell matematikk" fredag 13. september.

Studiet er blitt til gjennom eit samarbeid mellom Høgskulen i Sogn og Fjordane og Sogn regionråd, og første del av regionrådsmøtet vart lagt til oppstartsamlinga med innleiarar frå Høgskulen og Ungt Entreprenørskap.

Sogn regionråd vedtok i 2010 at vi skal tilby lærarane formelle studiar i entreprenørskap. - Skal vi bli betre på entreprenørskap i skulen, må vi ha meir formell kompetanse hos lærarane. No tek vi kreative grep i Sogn. Når piloten er vel i hamn, så blir dette eit tilbod til alle lærarar i heile fylket, sa leiar i Sogn regionråd Noralv Distad under opninga av dagen.

- Høgskulen i Sogn og Fjordane vil utdanna våre studentar som gode innovatørar og som blir gode til å utvikla elevane. Pilotstudiet vil påverka også andre utdanningar, sa dekan Rasmus Stokke. - Arbeid med gründercamp og entreprenørskapsmesser vil framleis vera viktig i tida framover, pilotprosjektet som no blir starta opp er eit steg vidare, sa Holger Aasen, dagleg leiar i Ungt Entreprenørskap i Sogn og Fjordane.

Førsteamanuensis Frode Olav Haara gav si tolking av pedagogisk entreprenørskap sett frå matematikkfaget. - Vi ønskjer å utvikla eit tilbod i pedagogisk entreprenørskap som er kopla mot arbeid i fag, og at undervisninga av lærarane blir påverka av entreprenørskap som læringsstrategi meir enn idag. Pilotutprøvinga gir grunnlag for å forbetra og endra utdanningstilbodet, sa Haara i sitt føredrag.

Vidareutdanninga gir lærarane entreprenørielle arbeidsmåter og verktøy som dei vil bruka i eigen undervisning. Det er sju lærarar frå tre sognekommunar som er med i piloten. Høgskulen vil utvikla læremiddel og justera studieplanen basert på erfaringar frå pilotutprøvinga. Studiet er på 30 studiepoeng og vil vera ferdig før påske 2015.

Oppstart entreprenørskapsstudiet 13.9.2013.jpg

Frå oppstartsdagen og føredraget av Frode Haara.

Presentasjon : Pedagogisk entreprenørskap - ei tolking frå matematikkfaget

2013-09-18 Karina Nerland
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut