Ordførar Jan Geir Solheim oppfordra ungdomane til å sjå moglegheitene vi har i Sogn. Under opningstalen presiserte han kor heldige ungdomane er for at dei bur nettopp her, i Sogn. Her har vi framifrå moglegheiter og eit sterkt fellesskap vi skal vere stolte av! Mange kommunar satsar på entreprenørskap i skulen, men det er ikkje mange som gjer det gjennom eit slikt regionalt samarbeid. Eit av hovudføremåla, sa Solheim, er jo nettopp å bli kjende med nabokommunane sine, ungdom og elevar frå andre skular. Dette byggjer fellesskapet i Sogn, og saman blir vi sterkare, poengterte ein engasjert ordførar i opninga av messa.

Ingeborg Myklebust Øren, elev i 10. klasse ved Lærdalsøyri skule, starta dagen med fortryllande song og tonar. Bandet Steinsprang frå Borgund avslutta med heftige tonar. Russeknuta ingen andre har gjekk til konferansierane Stian O. Vatlestad og Maritha Tønjum Skjerdal. Dei var framifrå konferansierar i eigen bygd, med stødig hand på mikrofonane leia dei messa i hamn.

Dei 358 elevane frå 8. klassane i regionen fekk eit motiverande føredrag av gründer Helge Evensen Bjørkum, i tillegg til besøk hjå lokale verksemder i Lærdal. Inne i fleirbrukshallen konkurrerte 27 elevbedrifter i tre kategoriar. Juryen kåra desse vinnarane:

Beste Miljø og Berekraft Fyll fyr frå Flatbygdi skule_500x334.jpg

Kategori Miljø og berekraft: ”Full fyr”, Flatbygdi skule i Vik. Namn: Hanne Turvoll, Anna Engan Aamodt, Sondre Bertin Skjerven, Asbjørn Grov, Alicja Pankowiecka og Ragnar Finden.

 

Beste Nyskaping og kreativitet Lys og stemning Hafslo skule_500x440.jpg

Kategori Nyskaping og kreativitet: ”Lys og stemning”, Hafslo barne- og ungdomsskule. Namn: Silje Holm Carlsen, Sandra Haugen Kalhagen og Kaja Marie Tangen Lihaug

 

Beste Formidling og kommunikasjon Vestlandschips Lærdalsøyri skule_500x465.jpg

Kategori Formidling og kommunikasjon: ”Vestlandschips”, Lærdalsøyri skule. Namn: Sondre Stadheim Hille, Mons F. Tønjum og Erik Foss Bolstad.

Sogn regionråd arrangerte messa saman med Lærdal næringsutvikling og Ungt Entreprenørskap.

Program
Sogn avis 12.5.2014 Prisvinnarar i full fyr