Er vi i ferd med å snu Sogn?

Øyvind Glosvik, førsteamanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, utfordra skuleleiarane i regionen: Korleis kan du påverke organisasjonen din mest mogleg, og kva innsatsområde vil kunne gje størst positiv endring?

Det er slutt på ”dei gode gamle dagane!” Dei slutta i 1974, då Magne Myrmo som den siste i soga vann VM på ski – på treski. Sidan har treskia vorte oppfyringsved, men tidsbileta heng framleis igjen i hovuda våre på korleis ting ”eigentleg” bør vere. Slik kan det også vere med organisasjonsutvikling. Heng vi fast i modellar som ikkje er tilpassa dagens krav og utfordringar?

På samlinga den 15. februar for rektorar, inspektørar, rådgjevarar og lærarar som har fullført leiarutdanninga i regi av Sogn regionråd, utfordra førsteamanuensis Øyvind Glosvik frå Høgskulen i Sogn og Fjordane forsamlinga: Korleis kan du påverke organisasjonen din mest mogleg, og kva innsatsområde vil gje størst positiv endring?

Før Glosvik svarte på dette, innleia han med å setje fokus på tre tema:
1. Kva sæpregar det samfunnet vi lever i, korleis skapar det generelle rammer for oss?
2. Kva slags utfordringar står organisasjonane våre over?
3. Korleis kan ein som leiar tenkje om eiga leiarrolle under slike vilkår?

Ein god måte å utvikle seg sjølv og organisasjonane på, er å lage seg ein firpunkts handlingsplan for kvar av områda læring/ utvikling, offentleg informasjon, kontroll/ ansvarleggjering og auke i kunnskapsnivået.  
 

Presentasjon

2011-02-16 Karina Nerland
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut