Meir enn 50 deltakarar møtte frå dei sju kommunane. I møtet såg vi på sterke og svake sider ved prosjektet "Sats på skulen - snu Sogn". Nokre av spørsmåla som blei stilt på møtet var: Er vi i ferd med å snu Sogn? Kva har prosjektet bidrege med så langt? Kva bør /kan Sogn regionråd ta med seg vidare? Er det aktuelt med ein permanent modell for regionalt skulesamarbeid etter 2012?

Innleiarar var forskar Trond Buland frå NTNU, fagleiar Jan Sivert Jøsendal frå KS og to av programstyremedlemane rektor Geir Navarsete frå Kaupanger skule og Anne Siri Bentsen frå Utdanningsforbundet. Presentasjonane og stikkorda frå gruppearbeidet finn du under. Innspela frå dagen tek programstyret for "Sats på skulen - snu Sogn" med seg i evalueringsarbeidet framover.

Sats på skulen - snu Sogn - Et første blikk utenfra
Forskar Trond Buland, NTNU skole- og læringsforskning

Frå politikk til resultat - Korleis kan Sogn regionråd sikre kunnskap for komande generasjonar?
Fagleiar Jan Sivert Jøsendal, KS

Gruppearbeid: Stikkord frå gruppene og oppsummering

Program