Barnehagane har sju regionale nettverk; eitt for kvart fagområde i rammeplanen for barnehagane. Sogn regionråd får årleg utviklingsmidlar frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Frå og med barnehageåret 2014-2015 er det to måtar kommunane kan få overført tilskotet:

Alternativ 1: Kommunen /barnehagen som har nettverksansvarleg ber om å få overført tilskotet frå Sogn regionråd når det er behov for det. Unytta midlar frå nettverka blir sett av på fond i Sogn regionråd. Det betyr at midlar som ikkje blir brukt kan sparast til seinare.

Alternativ 2: Kommunen /barnehagen som har nettverksansvarleg kan ein gong i året be om å få overført tilskotet frå Sogn regionråd. Den nettverksansvarlege må sørge for at midlane blir brukt i samsvar med tilsagnsbrevet frå Fylkesmannen.  Det vil seie at den nettverksansvarlege må passa på at midlane faktisk går til nettverket og ikkje til anna kommunal aktivitet. Nettverksansvarlege må følgja opp før årsskiftet slik at ev. unytta midlar vert sett av på fond i kommunen.

Det årlege tilskotet er kr 15 000 for kvart nettverk. Det er ikkje lagt opp til delutbetalingar av tilskotet eller at faktura for utgiftene (t.d for honorar til føreleser) går til Sogn regionråd.

For å få overført tilskotet kontakt programleiar eller dagleg leiar Karina Nerland epost: karina.nerland@sogndal.kommune.no.

Tilsagnsbrev frå Fylkesmannen:
Tilsagnsbrev 2015 
Tilsagnsbrev 2016
Tilsagnsbrev 2017