Fantasi er viktigare enn kunnskap!

Noko har vi i oss – og noko må vi lære oss. Ordførar Jan Geir Solheim oppmoda om å ha fokus på kva vi kan skape og kva vi kan tilby, då han opna det regionale fagnettverket i entreprenørskap

Det er læring som er viktig, ikkje kunnskap i seg sjølv. Einstein sa at fantasi er mykje viktigare enn kunnskap. Kreativitet og entreprenørskap handlar nettopp om å kople saman tilsynelatande irrelevante ting, det handlar om å sjå ting frå ein alternativ synsvinkel og det handlar om å finne fleire løysingar og nye moglegheiter. Ordførar Solheim oppmoda deltakarane frå alle dei åtte kommunane i regionrådet til å gjere fleire feil! Det må vere større aksept for å feile. Nettopp ved å våge å feile, vil vi våge å skape noko nytt, hevda Solheim.

Nytilsett næringssjef i Lærdal, Arve Tokvam, argumenterte for samhandling som eit overordna mål. Skulane, lokalsamfunna og næringslivet må bli sterkare på samhandling, både i kvar kommune og i regionen. Ungdomen må ha kjennskap til næringslivet i Sogn før dei tek høgare utdanning. Dei bør vite kva moglegheiter som finst lokalt dør dei vel retning for framtidig yrkesliv.

Fagnettverk i entreprenørskap er eit samarbeidstiltak mellom Sogn regionråd og stiftinga Ungt Entreprenørskap (UE). Dagleg leiar Holger Aasen la vekt på fire motiv for å vidareutvikle arbeidet med entreprenørskap i skulane: gründermotiv, distriktsutviklingsmotiv, næringsutviklingsmotiv og allmennpedagogisk motiv. Ungt Entreprenørskap arbeider med å lage døme til ein heilskapleg entreprenørskapsplan for skulane, med døme på kva, kvifor og korleis skulane kan og bør gjennomføre entreprenørskapsprosjekt. Her vil ein også syne kva mål i læreplanen ein når ved å arbeide med entreprenørielle metodar og verktøy. Utkast til plan blir sendt på høyring.

Terje Torsheim, digital innovatør ved Hafstad vidaregåande skule i Førde, var hovudførelesar på samlinga. Han utfordra deltakarane om korleis det stod til med den digitale kompetansen i skulane gjennom innlegget ”Den femte grunnleggjande ferdighetia: Digital kompetanse og entreprenøriell bruk av Ikt som verktøy”. Torsheim og Hafstad vidaregåande skule har eit banebrytande samarbeid med Microsoft og Samsung, der dei samarbeidar om å utvikle IKT som relevante læringsverktøy i skulen. Han utfordra oss på om grunnskulane i Sogn heng med i den teknologiske revolusjonen…

Både Luster ungdomsskule og Sagatun skule i Balestrand har arbeidd lenge med elevbedrifter. No har dei også teke i bruk metodikken gründercamp. Då samarbeidar skulen og elevane med det lokale næringslivet, og freistar å løyse relevante og ekte problemstillingar for bedriftene. Rektor Odd Bukve og lærar Synnøve Fortun presenterte erfaringane frå Luster, medan inspektør Sveinung Alværn formilda røynslene frå Sagatun skule.

Samlinga bar preg av ei humoristisk og munter tone, reflekterte erfaringsutvekslingar, inspirerande foredrag, og gode spørsmål og problemstillingar vart reist. Vi vart samde om behovet for eit lærarkurs i elevbedrift og gründercamp-metodikk. Det blir arrangert av UE i Sogndal 17.11.2013.

Presentasjonane frå fagnettverk i entreprenørskap på Lærdalsøyri skule 17.10.2013:
Lenke til Terje Torsheim si presentasjon http://sdrv.ms/1at21GZ
Luster ungdomsskule
Sagatun skule

2013-10-18 Karina Nerland
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut