Samlinga og tema for dagen er eit ledd i satsingsområdet i regionen på Inkluderande barnehage og skulemiljø (IBOS).

Ingrid tok opp det dagsaktuelle temaet Mobbing og begynnande mobbeåtferd i barnehagen. Ho snakka om viktigheita av å ha eit heilskapleg og systematisk arbeid i barnehagane innanfor temaet barnehagemiljø, mobbing og krenkingar. Ho delte føredraget i to bolkar der del ein omhandla Mobbing og andre krenkingar i barnehagen. I del to snakka ho om Korleis oppdage og handtere mobbeåtferd i barnehagen. Ho losa tilhøyrarane gjennom desse øktene ved å vise til forsking, teori, og ved å la publikum ta del i dette via ulike drøftingsoppgåver og caser som var relevant for tema ho viste til.

Halve gruppa gjekk på fagnettverkssamling på Trudvang skule etter føredraget med Ingrid, medan den andre gruppa hadde eit føredrag ved start av dag med Frode Schanke Eikum frå Familievernkontoret, på Sogndal vidaregåande skule. Han hadde føredrag med utgangspunkt i temaet Barndommen varer livet ut. Her hadde ein fokus på utviklinga av hjernen og dei ulike kjemiske signalstoffa som vert stimulert der gjennom bl.a. gode relasjonar, hudkontakt, roande lydar, augekontakt med meir. Han snakka om handlingsmønster som ein arvar av føresette, om den viktige flytsona og ulike reaksjonsmønster, og ikkje minst viktigheita av å sjå barnet. Eit interessant og lærande føredrag som fengja alle tilhøyrarane.

Ekstra kjekt at Fylkesmannen og HVL deltok på samlinga saman med oss denne dagen.

Takk til Quality Hotell Sogndal, Trudvang skule og Sogndal vidaregåande skule for lån av lokale denne dagen. Ein ekstra takk til Stedje barehage som viste oss filmen dei har laga om temaet mobbing i forkant av føredraget til Ingrid.

Hanne Ørnehaug (Programleiar) og Linda Midttun (Ressursperson IBOS barnehage)