Foilar frå føredrag finn det på Wikispaces fagnettverk skule: http://fagnettverkskule.wikispaces.com/. Her finn de referat frå dei enkelte fagnettverka, sjå i rullegardin til venstre på sida og finn ditt nettverk, dokmunet vert lagt her. Felles dokument, jf. Pål Roland vil de finne på framsida.

Roland er ein røynd foredragshaldar og er til vanleg dosent ved Nasjonalt senter for læringsmiljø og åtferdsforsking. I foredraget snakka han mellom anna om det autoritative perspektivet, at både den einskilde lærar i møtet med elevane og skulen som kollektiv vektlegg relasjonsbygging, grensesetting og struktur. Forskingsfunn og forklaringsmodellar kring mobbing og utestenging var også tema i tillegg til ulike typar elevåtferd. Dette er problemstillingar og tema som er lett attkjennelege for lærar og såleis var foredraget til Roland til nytte og inspirasjon inn i eit nytt skuleår.

Fylkesmannen var også representert på fagdagen og heldt innlegg for alle tilsette om det nye regelverket knytt til skulemiljø som tredde i kraft frå 01.august 2017, vidare var det jobbing i dei ulike fagnettverksgruppene i regionen. Ein flott, innhaldsrik og spennande dag!

Kantina ved Sogndal vidaregåande skule serverte god betasuppe til alle deltakarane, samt haldt kaffi og te tilgjenge heile dagen igjennom: Tusen takk til dei for god service og til Sogndal VGS for lån av møtelokale. 

Sogn regionråd ønskjer alle eit godt nytt skuleår.