Forprosjektrapporten av januar 2013 får fram at organiseringa bør vurderast. Den viser at ny organisering av pp-tenesta ikkje vil vera det einaste grepet for å løysa utfordringa med aukande bruk av spesialundervisning. I tillegg må kommunane retta fokus mot eigarane av pp-tenesta, altså skule- og barnehageeigar, og eigarrolla og styringsstrategiane må endrast og utviklast.

I hovudprosjektet arbeidde kommunane vidare med planlegging, vurdering av organisering, bemanning, kompetansebehov og førebuing som grunnlag til etablering av pp-teneste. Kommunane Aurland, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal og Vik var med i hovudprosjektet. Det er kommunane som besluttar korleis tenestene skal organiserast, medan regionrådet står for å gjennomføra prosjektet. Vi leigde inn Wiggo Hustad frå Deloitte til å bistå oss i denne prosessen, og rapporten frå hovudprosjektet var ferdig 4. februar 2015.

Prosjektet fekk kr 200 000 i skjønsmidlar frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane til hovudprosjektet. Prosjektleiar var Gunnar Stundal.

Framlegg til samarbeidsavtale om felles PPT i Sogn vart handsama i kommunane før sommaren 2015. Felles PP-teneste vart etablert frå 1.1.2016 med Sogndal kommune som vertskommune. Samarbeidskommunane er Leikanger, Luster, Vik og Aurland.

Oversikt over sentrale dokument i prosjektet finn du nedanfor.

Tilråding frå prosjektleiar, 17.4.2015
Intensjonsavtale mellom Høgskulen i Sogn og Fjordane og Sogn regionråd, 5.5.2015
Samarbeidsavtale - framlegg
Stillingar, budsjett og fordelingsmodell
PPT i Sogn - underlag til organisasjonsvurdering, Deloitte AS, 4.2.2015
Forprosjektrapport, 29.1.2014
Prosjektplan