Flyruter ved Sogndal lufthamn Haukåsen

Sogn regionråd ser med sterk uro på Transportøkonomisk institutt si tilråding til Samferdselsdepartementet om å leggja ned flyrutene Sogndal-Bergen.

Sogn regionråd har sendt brev til Samferdselsdepartementet der vi grunngjev behovet for vidareføring av flyruter Sogndal-Bergen. Regionen har fleire arbeidsplassar som har mykje reiseaktivitet og som er avhengig av gode flyruter. Bortfall av fly til Bergen vil kunne true den regionale organiseringar av fleire arbeidsplassar.

Sogn regionråd meiner at departementet bør syta for å greia ut verknadane av ei utviding av rullebana på Sogndal lufthamn til 1200 meter, og Sogn regionråd ønskjer å bidra til ei slik utgreiing.

Les brevet til Samferdselsdepartementet

2011-03-09 Karina Nerland
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut