Kommunane fekk informasjon om fellesnemnda og forhandla om fleire tema mellom anna om prinsipp for lokalisering av kommunale tenester og fordeling av ikkje stadbundne tenester. Regionsenteret Sogndal blir kommunesenter i den nye kommunen.

Utkast til intensjonsavtale er grunnlag for forhandlingane mellom dei seks kommunane, og er ikkje eit endeleg forhandlingsresultat. Dokumentet vil bli endra etter kvart som forhandlingane tek opp nye tema. Forslag og tillegg til avtalen frå førre forhandlingsmøte vert teke inn i endra utkast som kjem 19. januar.

Forhandlingsutvalet med politisk representasjon skal halde fire møte i januar og fram til 1. februar 2016. Møtet 20. januar i Sogndal var det tredje møtet. Siste møte vert 1. februar i Leikanger.

Presentasjonar:
Innspel frå prosjektgruppa - introduksjon ved rådmann Olve Fossedal
Fellesnemnda ved Kåre Træen, Fylkesmannen

Program

Utkast til intensjonsavtale pr 19.1.2016