Frå prat til resultat: Rektor og styrarsamling i Sogn

Effektivitet i kunnskapsorganisasjonar handlar først og fremst om relasjon mellom menneske. Leiarskap i skulane og barnehagane handlar om å skape samhald og utvikling, lokalt og regionalt.

Når rektorane og styrarane samlast til felles møte i Sogn handlar det om å byggje nettverk, utveksle informasjon og freiste å finne løysingar på felles utfordringar. I Sogn har vi lange tradisjonar med å bruke regionale fagnettverk som lærings- og utviklingsarenaer. For første gong vart rektorane frå barneskulane, ungdomsskulane og dei vidaregåande skulane i Sogn samla til rektornettverk den 7. november 2013. Det gir styrke når vi har brei deltaking frå dei 29 grunnskulane og dei fem vidaregåande skulane i Sogn. Det gir ytterlegare tyngde når vi har solid representasjon frå dei 42 private og kommunale barnehagane i regionen. Det er viktig, når vi møtast for å diskutere felles utfordringar.

Hovudtema på samlinga den 7.11. var prosessen med å sjå på ei eventuell felles pp-teneste for dei åtte kommunane i Sogn. Per i dag har vi fem ulike organisatoriske løysingar i Sogn. Wiggo Hustad frå konsulentselskapet Deloitte er innleigd av regionrådet til å vere ekstern prosessrettleiar. Utfordringa frå Hustad var om kommunane  bruker ressursane godt nok, til beste for barna og elevane. I tillegg utfordra han oss på korleis vi organiserer oss for å bruke, dele og skape ny kunnskap.  Samhandling må føre til betra handling!

Etter lunsj hadde rektorgruppa invitert Senter for internasjonalisering av utdanning. Det er eit nasjonalt kompetanse- og informasjonssenter som fremjar internasjonalt samarbeid gjennom heile utdanningsløpet, frå barnehage til høgskule. Peter Glansfield og Kari Ystebø presenterte det nye europeiske programmet Erasmus +. Hovudmålsetjinga er å bidra til å skape vekst og sysselsetting i Europa, gjennom entreprenørskap og kunnskapsutvikling. Rektorane fekk innføring i programmet, og korleis vi skal gå fram for å finne økonomisk tilskot – samt internasjonale samarbeidspartnarar i skuleutviklingsprosjekt.

Styrarane tok tak i det regionale arbeidet med fagnettverk. Kari Marie Navarsete frå Høgskulen i Sogn og Fjordane orienterte om pilotprosjektet «Barnehagen som lærande organisasjon». Der er Sogn regionråd tungt inne i prosjektet. Kjersti S. Haukedal hadde eit fagleg innlegg om «Nettverk som kompetanseheving for barnehagane – korleis skape felles kunnskap ut av individuell kunnskap?». Den ferske prosedyren for fagnettverka vart diskutert, i tillegg programmet for barnehagestemne i Sogndal 2. januar 2014. Oppdatert info om arbeidet med fagnettverk i barnehagane finn du på nettsida vår  http://fagnettverk.wikispaces.com/Heim

Presentasjonen til Wiggo Hustad, Deloitte

Presentasjonen til Senter for internasjonalisering av utdanning

2013-11-14 Karina Nerland
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut