Framifrå entreprenørskapsmesse i Sogndal!

600 elevar frå ungdomsskulane i Sogn hadde ein inspirerande og lærerik dag 6. mai 2015

Særs gledeleg i år var at Høyanger skule for første gong var med på entreprenørskapsmessa. Om lag 600 elevar var samla til den sjuande utgåva av entreprenørskapsessene i regi av Sogn regionråd og stiftinga Ungt Entreprenørskap. Messene handlar om kreativitet, læringslyst – og variasjon. Det handlar om å samarbeide og å freiste å lage noko nytt. Det handlar også om å sjå moglegheitene i lokalsamfunna i Sogn. Dette er en del av skuleutviklinga i Sogn som ikkje handlar om terping og pugg, men å sjå det samarbeidande, skapande, miljøbevisste og meiningssøkande menneske – slik læreplanen er tufta på. Entreprenørskap er ein pedagogisk arbeidsmetode som skapar glede, variasjon – og framifrå resultat i Sogn.

Dansegruppa Passion starta messa med eit forrykande show. 11 jenter med ”Hiphp-afro” til stormande jubel. Ordførar Jarle Aarvoll ønskte velkomen, og oppfordra nettopp ungdomane til å sjå moglegheitene i Sogn – og samarbeide for å nå draumar og mål. Gjest Kvåle og systera Gunn Marit forførde salen med framifrå musikk.

Alle elevane i 8. klasse vart delt inn i ulike grupper, og reiste på besøk til 11 bedrifter i Sogndal og Kaupanger. Dei 419 8. klassingane fekk også med seg eit motiverande føredrag av grunder og eventyrar Sigrid Henjum. Sigird måtte til pers hele tre gonger, slik at alle fekk høve til å høyre den spanande og motiverande presentasjonen hennar.

I år hadde vi 23 elevbedrifter frå ungdomsskulane i Sogn. Fleire av desse hadde vore gjennom lokale semifinalar på sine skular, før dei kom fram til ”regionfinalen” i Sogndal. På elevbedriftene var det frå to til fem elevar i 9. klasse. Dei gjorde ein god jobb med å profilere og marknadsføre sine verksemder.

Jury på messa var Torkel Aannestad, student ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Jørn Helgheim, stiftinga Ungt Entreprenørskap og Per-Odd Grevsnes, næringssjef Sogndal kommune. Juryen hadde denne avgjerda for dei tre vinnarane i kategoriane Formidling og kommunikasjon, nyskaping og kreativitet og miljø og berekraft:

Formidling og kommunikasjon
Elevbedrifta "Bruktbutikken", Hafslo barne- og ungdomsskule, Luster
Grunngjeving: ”Denne verksemda kunne ha hevda seg i mange kategoriar. Når me har vald formidling og kommunikasjon er det fordi det var dei verkeleg framstod på ein suveren måte”.

Bruktbutikken - vinnar formidling og kommunikasjon.jpg
   Thea Kalhagen Kjos-Wenjum, Eiril Solveig Ugulen og Julie Fredheim

Nyskaping og kreativitet
Elevbedrifta "Spray", Aurland barne- og ungdomsskule, Aurland
Grunngjeving: ”Dei lagar figurative bilete med sprayteknikk. Dette er innovativt, kreativt og nyskapande. Bileta sel dei for kr 150, og dei har seld 11 til no. Det syner at det er etterspurnad etter produkta”

Spray - vinnar Nyskaping og kreativitet.jpg
   Bård Bekkestad og Christoffer Skjerdal (var ikkje tilstades når bilete vart teke)

Miljø og berekraft
Elevbedrifta "Lunchos", Kaupanger skule, Sogndal
Grunngjeving: ”Lunchos utmerka seg med stålkontroll på økonomi, god styring og ein miljøprofil i det at dei leverer produkta sine med sykkel. Her var det kontroll på avanse, leveranse, kundebehandling og eit fint resultat på kr 12 000”

Lunchos - vinnar miljø og berekraft.jpg
   Margrete Nondal Marøy, Eirik Sundsøy og Anja Orrestad
 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut
Design: CustomPublish AS | Publiseringssystem: CustomPublish AS