Heile 75 namn stod på deltakarlista då Sogn regionråd arrangerte fagnettverk i psykisk helse. Gode førelesarar og eit viktig tema bidrog til at mange lærarar, skuleleiarar, helsesøstre, barnevern  og tilsette frå pp-tenesta deltok på dette regionale fagnettverket.   

Programleiar Claus Røynesdal starta dagen med kort å syne til samanheng og heilskap i den regionale satsinga ”System for styrka læring”. Psykisk helse er eit av seks programomåde i satsinga. Fylkesmann Anne Karin Hamre la stor vekt på behovet for tverrfagleg samarbeid i sin presentasjon. Alle tilsette har eit ansvar for å skape eit godt psykososialt miljø i skulen. Alle barn må få oppleve meining, meistring – og ikkje minst lære seg å finne vener. Ho peikte på at det er viktig at kommunane og skulane aukar kunnskapen om psykiske lidingar og risikofaktorar hjå barn og unge, og at vi legg til rette for eit godt samarbeid mellom alle som arbeidar med barn og unge.  

Forskar Solrun Samnøy, frå Regionalt kompetansesenter barn og unge vest (RKBU Vest), fortalde om Sogn regionråd og RKBU sitt forskingsprosjekt om bruken av verktøyet ”Psykologisk førstehjelp” på fire av ungdomsskulane i Sogn. Samnøy poengterte kor viktig det er at lærarane og dei tilsette har god kompetanse og konkrete verktøy i arbeidet med å skape eit godt psykososialt læringsmiljø. Psykisk helse er meir enn psykisk sjukdom. Vi må sjå meir etter elevane sine perspektiv, og lære dei gode meistringsstrategiar sa Samnøy. Først og fremst må vi snakke om psykisk helse med elevane.

Professor Terje Ogden frå Adferdssenteret ved Universitetet i Oslo oppfordra sogningane til å både halde perspektivet på den effektive skulen OG den inkluderande skulen. Ein god og inkluderande skule vil gje gode læringsresultat for alle elevane. Den effektive skulen handlar om prestasjonar og karakterar. Den inkluderande skulen har ei undervisning som femnar og meistrar mangfaldet blant elevane, den bidreg til god psykisk helse og gir elevane oppleving av meistring, trivsel og eit positivt sjølvbilete.

Ogden åtvara mot honnørord og gode intensjonar: Lærarane og skulane må ha gjennomarbeidde program og konkrete tiltak. Det må arbeidast konstruktivt og konkret med psykisk helse i skulen. God psykisk helse gir betre prestasjonar i skulen, så enkelt- og vanskeleg- er det!

Presentasjonane:
Programleiar Claus Røynesdal
Fylkesmann Anne Karin Hamre
Forskar Solrun Samnøy
Professor Terje Ogden

Uni Helse www.uni.no/helse/rkbu har bidrege med midlar til samlinga.