Helse Førde med i arbeidet for god psykisk helse i Sogn

Helse Førde blir med i partnarskapen for styrka psykisk helse i barnehagar og skular i medlemskommunane til Sogn regionråd

Partnarskapen vart inngått for to år sidan mellom Høgskulen i Sogn og Fjordane, RKBU Vest (Regionalt kunnskapssenter for barn og unge Vest, Uni Research Helse), HEMIL-senteret (Senter for forskning om helsefremmende arbeid, miljø og livsstil, Universitetet i Bergen), Utdanningsforbundet og Sogn regionråd. Det markerte startskotet for ein felles front for arbeidet med å styrka psykisk helse for barn og unge. 

Partnarskapen har gitt auka kompetanse for dei som arbeider i barnehage og skule, gode verktøy og meir tverrfagleg innsats.

Helse Førde ser svært positivt på den måten kommunane har teke ansvar og driv systematisk kvalitetsutvikling på. Dei vil bidra med kompetanse og ressursar for psykisk helsefremming for barn og unge. Fredag 11. november 2016 møttest partane for å signere ny partnarskapsavtale. 

Psykisk helse er eitt av seks satsingsområde i det regionale barnehage- og skuleutviklingsprogrammet "System for styrka læring". Sogn regionråd har gode erfaringar med å drive utviklingsarbeid ilag med andre. Det handlar om å spele på lag for å oppnå felles mål, å styrke barn og unge si psykiske helse.

Partnarskapsavtalen

Partnarskap psykisk helse signering 11.11.2016_600x306.jpg

Leiar Anne Marita Milde ved RKBU Vest, administrerande direktør Jon Bolstad ved Helse Førde, leiar i Sogn regionråd Petter Sortland, rektor Rasmus Stokke ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, hovudtillitsvald Heidi Rennestraum i Utdanningsforbundet og professor Bente Wold ved Hemil-senteret signerte partnarskapsavtalen 11. november 2016.

Les meir om programmet System for styrka læring

2016-11-14 Karina Nerland
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut