Høgskulen og Sogn regionråd i nasjonalt prosjekt om kvalitetsutvikling

Høgskulen i Sogn og Fjordane har i sterk konkurranse fått tilsegn om kr 1,5 mill. til å utvikle barnehagane som lærande organisasjonar. Kvalitetsutvikling gjennom fagnettverka til Sogn regionråd er eitt av hovudtiltaka.

Høgskulen søkte i samarbeid med Sogn regionråd om tilskot til prosjektet ”Barnehagen som lærande organisasjon”. Målet er  å vidareutvikle kvaliteten i barnehagesektoren. Utdanningsdirektoratet gav i juni 2013 halve potten til vidareutvikling av kvalitetsarbeidet i fylket vårt! Prosjektet går over to år, frå hausten 2013.

Gjennom programmet ”System for styrka læring” har Sogn regionråd og dei åtte kommunane etablert fagnettverk for barnehagesektoren. Fagnettverk er ein metode for aktiv medskaping og kvalitetsutvikling av sektoren. Vi har eit overordna nettverk for styrarane. I tillegg har vi sju nettverk, eit for kvart av dei sju fagområda i rammeplanen. Rammeplanen er ei forskrift som set opp mål for innhald, arbeidsområde og kvalitet i barnehagane.

I kvar kommune har vi no medarbeidarar som er nettverksansvarlege. Dei har ansvar for å drifte, utvikle og koordinere fagnettverket. Det nye er at gjennom samarbeidet med høgskulen, så blir både studentar på barnehagelærarutdanninga og fagfolka på høgskulen med i nettverka våre. Dei blir både vanlege deltakarar på lik line med assistentane, barne- og ungdomsarbeidarane, barnehagelærarane og styrarane. På grunn av ekstern finansiering gjennom prosjektet ”Barnehagen som lærande organisasjon”, vil høgskulen i dei to neste åra ha moglegheit til å bistå med førelesingar, kurs og faglege opplegg i nettverka. Tilbodet vil bli utvikla i nært samarbeid med dei nettverksansvarlege og styrarnettverket. Målet med denne samhandlinga er å skape, dele og bruke ny kunnskap – til beste for barnehagane, høgskulen og barna!

Sogn regionråd arrangerer Barnehagestemne for andre gong 2. januar 2014. Også denne gong blir samtlege tilsette i barnehagesektoren i Sogn inviterte. Også på denne viktige arenaen vil fagfolka frå høgskulen bidra på dei ulike nettverka med faglege innspel.

Dei åtte kommunane og 42 private og kommunale barnehagane i Sogn går nokre spanande år i møte. Gjennom eit sterkt og forpliktande samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane skal vi vidareutvikle kvaliteten. Barnehagane skal bli ein endå viktigare læringsarena, både for barna og dei tilsette. Trivsel, utvikling og kvalitet skal stå i høgsetet. For å sitere ordførar Jarle Aarvoll: ”Barna er berre 15% av innbyggjarane våre. Men dei er 100% av framtida vår!”

Prosedyre for fagnettverka i barnehagane i Sogn regionråd

Nettsida til fagnettverka finn du her fagnettverk.wikispaces.com

 

 

2013-09-23 Karina Nerland
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut