§ 1 Føremål
Sogn regionråd er skipa som eit interkommunalt selskap med heimel i § 27 i kommunelova. Rådet er sett saman av kommunane i Høyanger, Vik, Balestrand, Leikanger, Sogndal, Luster, Årdal, Lærdal og Aurland.

Sogn regionråd skal vere ein felles arena med fokus på å sikra og vidareutvikle rammevilkåra for busetnad og næringsliv i regionen. Sogn regionråd skal òg fungere som base for definerte prosjekt og vidare ha som mål å samordne og forenkle oppgåver for eigarane.

§ 2 Medlemsskap
Medlemer i regionrådet er dei kommunane som nemnde i § 1. Dersom det er tenleg, kan rådet etter vedtak i rådsmøtet, ha formelt samarbeid med andre kommunar, organisasjonar, institusjonar og samarbeidstiltak.

Utmelding kan skje med 6 månaders skriftleg varsel til rådet, likevel slik at utmeldinga skjer frå eit årskifte. I så fall heftar kommunane for sin del av dei fellesutgifter rådet måtte ha påteke seg før utmeldinga vert sendt, og for eventuelle sams administrasjonsutgifter i utmeldingstida.

§ 3 Rådet
Ordføraren er kommunen sin representant i rådet, med varaordføraren som vararepresentant.
I høve kommunelova § 27 er rådet styre. Rådmennene kan møte, men då berre med talerett. Sekretær møter med tale- og framleggsrett.

Rådet er vedtaksført når minst 2/3 av medlemmene er tilstades. Rådet vert vanlegvis kalla inn 14 dagar på førehand. Det skal setjast opp møteplan for eitt år om gongen.

På fyrste rådsmøte kvart år skal det:
· veljast leiar og nestleiar
· leggjast fram årsmelding og arbeidsplan

§ 4 Sekretariat
Rådet kan kjøpe sekretariathjelp som står for den daglege drifta av rådet innanfor dei råmene som er fastsett av rådet. Rådet kan elles be om hjelp frå medlemskommunane i høve sekretariatet sine oppgåver.

Sekretariatet skal syte for å halde kommunar og rådsmedlemmer orienterte om verksemda i rådet, og stå for praktisk arbeid etter vedtak i rådet.

§ 5 Økonomi
Partane i samarbeidet ber sjølve utgiftene til møte, reise, diett m.v. i samband med rådsmøta. Det same gjeld utgifter med tillitsfunksjonar rådsmedlemmene deira vert valde til.
Medlemskommunane betalar ein kontingent til rådet. Storleiken på denne kontingenten skal dekkja sekretariatsfunksjonen, disponible midlar for rådet og midlar til prosjekt som rådet har vedteke.

Som hovudprinsipp skal kontingenten delast slik: halve summen er lik grunnsum for alle kommunane, halve summen skal vera eit kronebeløp pr. innbuar. Rådet kan i særskilde prosjekt vedta at alle kommunane skal betale ein lik sum.

Den økonomiske råma for Sogn regionråd si verksemd skal inngå i årsbudsjettet til den deltakarkommunen rådet kjøper sekretærtenester hjå. Regionrådet vedtek sjølv den nærare fordelinga av den økonomiske råma på bakgrunn av tilråding frå sekretær. Ein viser elles til § 13 i forskrifter om årsbudsjett av 15.desember 2000.

Rekneskapet for Sogn regionråd si verksemd skal inngå i årsrekneskapet til den deltakarkommunen rådet kjøper sekretærtenester hjå. Regionrådet vedtek sjølv rådet sitt rekneskap og årsmelding på bakgrunn av tilråding frå sekretær innan 1.april. Ein viser elles til § 12 i forskrifter om årsrekneskap og årsmelding av 15.desember 2000.

§ 6 Endring av vedtektene
Endring av vedtektene skal gjerast av rådet med 2/3 fleirtal. Rådsmøtet som endrar vedtektene skal varslast minst 3 veker på førehand. Alle kommunane skal vere representert på eit slikt møte.

§ 7 Oppløysing
Rådet kan oppløysast av rådsmøtet med 2/3 fleirtal. Slikt rådsmøte skal kallast saman med ein frist på 6 månader og alle kommunane skal vere representerte. 

 Vedtekne på møte 7. februar 2003