Sogn regionråd eig prosjektet, og er ansvarleg for alle overordna vedtak, tiltak, økonomi og ressursar. Vi har sett saman eit breitt og kunnskapsrikt programstyre til å vere styrings- og ressursgruppe for faglege utfordringar, problemstillingar og tiltak. All aktivitet i prosjektet vert først diskutert og koordinert i denne ”tenketanken”. Programstyret har om lag 5 – 6 møte i året, i tillegg til at programstyret er med på møte med politisk og administrativ leiing i kvar av de sju regionrådskommunane når vi er på kommunebesøk.

Programstyret er eit heilt avgjerande suksesskriterium for prosjektet. Her får vi fram synspunkt, perspektiv, røynsler og problemstillingar som ein elles ikkje får fram i eit ”tradisjonelt” skule eller kommuneprosjekt. Den breie samansetjinga av programstyret aukar eigarskapen til prosjektet, og det bidreg til koordinering og samspel med parallelle utviklingsprosessar i kommunane, regionen og på fylkesnivå.

Samansetjing i programstyret