Framlegget til fråsegna er utarbeidd av innleigd konsulent Wiggo Hustad på oppdrag av Sogn regionråd og vart presentert for medlemane i møtet. Rådet slutta seg i møtet til å gje innspel til fylkesutvalet og vil arbeida vidare med ei felles fråsegn.

Rådet handsama to rapportar i møtet: Transportøkonomisk institutt vurderer alternative løysingar for båtrute Aurland-Sogndal og Vik-Sogndal og Telemarksforsking har laga ein regional analyse for Sogn som viser arbeidsplass- og befolkningsutvikling og scenarier for vidare utvikling.

Dagleg leiar i Hardangerrådet Leiv Vambheim orienterte om "Flytt til Hardanger"-prosjektet og prosjektleiar Jøril Hovland ved Kunnskapsparken orienterte om sosialt entreprenørskap.

Møteinnkalling 
Saksframlegg 4/12 - Organisering av vidaregåande opplæring
Møteprotokoll

Innspel til fylkesutvalet frå Sogn regionråd - Utdanningstilbod til ungdom i Sogn, 22.2.2013

Utgreiing og rapportar:
Drøftingsnotat -framlegg til fråsegn frå Sogn regionråd om skulebruksplan
Nye båtruter Aurland-Sogndal og Vik-Sogndal, Transportøkonomisk Institutt
Regional analyse Sogn, Telemarksforsking

Presentasjonar:
Framlegg til felles fråsegn om skulebruksplanen
Konsulent Wiggo Hustad, Deloitte
Prosjektet "Flytt til Hardanger" - fase I og fase II
Dagleg leiar Leiv Vambheim, Hardangerrådet
Regional og lokal utvikling og vekst basert på fornybar energi. Eit EU prosjekt
Prosjektleiar Jøril Hovland, Kunnskapsparken