30 elevbedrifter frå 9.klasse i regionen hadde kvalifisert seg til den regionale finalen 4. mai. Elevane frå 8. klasse fekk sjå, vurdera og læra av elevane i 9. klasse. Dei ni ordførarane var med på messa og tok seg god tid til besøke elevbedriftene og snakka med elevane. 

Elevane besøkte bedrifter i Høyanger og fekk sjå moglegheiter i næringslivet og lokalsamfunnet. I samfunnshuset fekk alle ungdommane høyre engasjerande foredrag av Espen Løbø Solhaug frå Vadheim. Han utvikla ønskelisteappen Regaloy medan han var student, og på messedagen delte han sine erfaringar med åttandeklassingane frå dei ni regionrådskommunane. 

Konferansierane i idrettshallen Jonas N. Aardal, Silje M. Ruskedal, Patrick Fredriksen og Marius V. Fossen leia messa med stødig hand, medan Torleif Lie tok ansvar for presentasjon av konferansier i samfunnshuset.

Som ifjor var det seks premiekategoriar. Juryen kåra desse vinnarbedriftene:

  • Beste stand: Stol på gutta, frå Høyanger skule. Elevane er: Henok Samsom Sereke, Abdiaziz Abdullahi Hassan, Mathias Hundershagen Fredriksen, Torleif Lie, William Arne Rolland og Marius Stølen
  • Beste elevbedrift: Smitt og smule, frå Aurland barne- og ungdomsskule. Elevane er: Elevane er: Jon Ohnstad, Sara Tønnesen og Sara Høydal, Silje Slettestøl og Monica Hylland Hjellum.
  • Beste nærmiljø og lokalsamfunnsprosjekt: Hæ? frå Aurland barne- og ungdomsskule. Elevane er: Sam Gramberg, Ådne Tangen Aarskog og Thomas Grindheim.
  • Beste miljøprofil: Smitt og smule, frå Aurland barne- og ungdomsskule. Elevane er: Jon Ohnstad, Sara Tønnesen og Sara Høydal, Silje Slettestøl og Monica Hylland Hjellum.
  • Beste salsbedrift: T & J Småjobber, frå Hafslo barne- og ungdomsskule. Elevane er: Trond Fredheim Jevnaker og Jørgen Lomheim Tang.
  • Beste idé: Sundrive, frå Farnes skule. Elevane er: Natalie Nes, Jonas Rinde, Nikolai Nygård, Augusta Skrede Luggenes, Helena Rudi og Marte Hollevik

Kvar vinnar fekk ein diplom i ramme, samt pizzafest for heile klassen til vinnarbedrifta. Takk for innsatsen og gratulerar med sigaren!

Entreprenørskapsmessa er eit samarbeid med vertskommunen som i år var Høyanger, stiftinga Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane og Sogn regionråd.

Faksimile Sognavis Innovative elevar viste seg fram
NRK Sogn og Fjordane Dei har årets unge forretningsidè
Ytre Sogn "Stol på gutta" gjekk til topps og Espen har utvikla sin eigen app

Program

Til neste år feirar vi 10-årsjubileum og neste års vertskommune er Balestrand.