Innspel til nye ferjeruter

Sogn regionråd støttar Statens vegvesen sitt framlegg til rutetabell om 30-minuttsfrekvens og nattferjer for Hella-Vangsnes-Dragsvik.

Vi er samde i framlegget om ei treferjeløysing heile året der ferjene går i pendel. I svaret til Statens vegvesen viser vi til at 30-minuttsfrekvens og nattferjer for Hella-Vangsnes-Dragsvik vil tilretteleggja for næringsliv/transport og pendling og vil bidra til å styrka ein felles bu-, service- og arbeidsmarknadsregion.

Vi ber om at Statens vegvesen ikkje nyttar opsjon for å forlenga gjeldande kontrakt, og at ny kontraktsperiode må gjelda frå 2016. For sambandet Mannheller-Fodnes ber vi om at Statens vegvesen vurderer 20-minuttsavgangar frå kl 0700.

Høyringssvar

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut
Design: CustomPublish AS | Publiseringssystem: CustomPublish AS