Innspel til regional transportplan på politikardagen

Sogn regionråd orienterte fylkespolitikarane om våre felles prioriteringar innan samferdsle

Politikardag 17

Ivar Kvalen, er leiar i samferdslegruppa, presenterte regionrådet sine prioriterte samferdsletiltak til regional transportplan den 17. november.

Sogn regionråd prioriterer utbetring av fylkesveg 55 og strekningane Sogndal-Luster, Dragsvik-Balestrand og Tronvik-Ulvåna. Vi støttar framlegg til prioriteringsliste over rassikringstiltak og forventar at dei beheld si prioritering på denne prioriteringslista: fv 53 Jåteli som nr 2 på lista, fv 55 Kjenes som nr 3 og fv 92 Arnafjord som nr 5.

Heile innspelet kan du lesa her

 

 

2017-11-17 Karina Nerland
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut