Innspel til regional transportplan

Sogn regionråd argumenterte for våre prioriteringar til regional transportplan på politikardagen 25. november.

Ivar Kvalen, leiar i samferdslegruppa, presenterte Sogn regionråd sine prioriterte samferdsletiltak både for fylkesvegnettet og for det som fell inn under statleg transportansvar.

Vi arbeider mellom anna for vegutbetring for fylkesveg 55 Luster-Sogndal og Dragsvik-Balestrand, ny trasè for flyplassveg til Sogndal lufthamn og utvida pendlarbusstilbod. Sogn regionråd ber fylkeskommunen bidra i arbeidet med å forlenga rullebana på Haukåsen, "stive" avgangar (frekvens på 20 eller 30 minutt) og nattferjer for sambandet Hella-Vangsnes-Dragsvik, framskunda oppstart av Vikafjellstunnelen og konseptvalutgreiing for Sognefjellstunnelen.

Innspela frå Sogn regionråd til fylkespolitikarane finn du på flygebladet og i presentasjonen.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut
Design: CustomPublish AS | Publiseringssystem: CustomPublish AS