Karrieremesse i Bergen

Messa er ein god arena for sognekommunane å visa breidden av karrieremoglegheiter og at regionen er ein god stad å bu i.

Det var god oppslutning om messa og over 500 besøkte Grieghallen.

Regionen har eit mangfald av kompetansearbeidsplassar. Ordførar, næringssjefar og etablerarar representerte Sogn på regionstanden vår og fortalte dei besøkande kva Sogn har å by på og kva som finst av karrieremoglegheiter. Vi møtte mange som ønskjer seg heim, anten rett etter utdanning eller seinare.

Vi trekte tre vinnarar blant dei som svarte på spørjeskjemaet vårt om kva faktorar som påverkar kvar dei buset seg: Rikka Frøyen Sande vann festivalpass på Fjellsportfestivalen 21.-24. februar, Erlend Husebø vann weekendopphald for to personar på Kviknes Hotel, Balestrand (kåra til "Årets Distriktshotell") og Marie Havnen vann blåistur med Jostedalen Breførarlag. 

Les meir på nettsida til Framtidsfylket

 Bilde 566 

 

 

 

 

 

 

 

 

Fleire bilete finn du her

 

 

 

2013-02-18 Karina Nerland
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut