Karrieremesser i Bergen og Trondheim

Det var god oppslutning om årets messer i regi av Framtidsfylket. Kommunane i Sogn fekk vist breidden vi har av arbeidsplassar og at regionen er ein god stad å bu i.

Kommunane i indre Sogn stilte samla på Sogn regionråd sin stand, og vi møtte både dei som er ute etter ein jobb og for dei som berre har lyst til å vita kva som finst av moglegheiter. 

Regionen har mange kompetansearbeidsplassar og besøkande fekk sjå mangfaldet i tilbodet. Messene var ei blanding av besøk på stand, informasjon, underhaldning og god mat. Dette er sjette året Framtidsfylket arrangerer messene og mange interesserte tok turen for å få vita meir om tilbodet i regionen vår. På messa i Grieghallen i Bergen kom meir enn 500 interesserte og 51 bedrifter stilt på stand.

Mange besøkte vår stand, og meir enn 200 svarte på spørjeskjema om kva faktorar påverkar kvar dei buset seg. Vi har trekt tre vinnarar:

  • Matias Eikås; festivalpass Fjellsportfestivalen med camp 21.-26. februar, Sogndal
  • Jon Arve Hatlevoll; to festivalpass High Camp 3.-6. mai, Turtagrø
  • Hanna Risnes; weekendopphald for to personar inkl. frukost og middag på Kviknes hotel, Balestrand

Profileringsbrosjyre for Sogn og Bli pedagog i Sogn

Les meir om messene 

 Under: Bilete frå karrieremessene Bergen og Trondheim 2012    Karrieremesse bilete 2012 Karrieremesse bilete 2012  

 

 

 

 

 

 

 

Karrieremesse bilete 2012

 

 

 

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut
Design: CustomPublish AS | Publiseringssystem: CustomPublish AS