Karrieremesser

Sogn regionråd deltok med stand på karrieremesser i Trondheim, Oslo, Sogndal og Bergen. Mange svarte på spørjeskjemaet vårt og vi har trekt tre heldige vinnarar.

Karrieremesse Oslo 7.2.2011Messene er ein god arena for sognekommunane å visa breidden av jobbmoglegheiter og at regionen er ein god stad å bu i. Ialt 1250 besøkande kom til messene, mange i alderen 20-35 år.

I år profilerte vi skule- og samfunnsutviklingsprosjektet Sats på skulen - snu Sogn med eiga brosjyre.

Mange var innom vår stand og 300 personar svarte på nokre spørsmål om kva faktorar som påverkar kvar dei buset seg. Vi har trekt tre vinnarar:Karrieremesse Bergen 17.2.2011

  • Jeanette Haugsbø; deltaking på Kjeringi Open 9. april med overnatting og bankett på Sognefjord Hotell, Leikanger 
  • Finn Merkel: festivalpass på Fjellfilmfestivalen 9.-11. september, Turtagrø
  • Erlend Trovåg: festivalpass Nynorske litteraturdagar 28.-30. oktober med overnatting på Fretheim Hotell, Aurland

Arrangør av messene er Framtidsfylket. Messa i Sogndal er eit samarbeid mellom Framtidsfylket og Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Sjå film vist på messene om høgt utdanna som flyttar til fylket

Les meir på nettsida til Framtidsfylket

2011-02-19 Karina Nerland
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut