KLAPP er eit utviklingsarbeid for heile skulepersonale. I KLAPP får lærarar opplæring om grunnleggjande psykologiske behov som alle har, nemleg behovet for å høyre til, behovet for kompetanse og behovet for sjølvstende. Strategi for å lukkast med KLAPP:

  • Tek utgangspunkt i opplevde behov hos lærarar og skuleleiarar
  • Heile skulen deltek, og arbeider saman for å styrkja den einskilde lærar og skulekulturen
  • Stor plass til systematisk refleksjon og erfaringsutveksling mellom kollegaer
  • Brukar velfundert teorikunnskap frå pedagogikk og psykologi
  • Gjer systematisk forsking på tiltaket

KLAPP ("Kompetanseheving i lærernes arbeid med positiv helse og læringsmiljø") er eit samarbeidsprosjekt mellom Høgskulen på Vestlandet, HEMIL-senteret ved Universitetet i Bergen og Sogn regionråd. I det regionale utviklingsprogrammet System for styrka læring er satsinga på psykisk helse i barnehagane og skulane eitt av seks strategiområde. Forskingsarbeid på psykisk helse i Sogn framgår av partnarskapsavtalen for styrka psykisk helse for barn og unge i Sogn.