Målet med utgreiinga er å kartlegge synspunkt og forslag til nye teknologiske løysingar for klimatilpassing og vurdera om det er grunnlag for næringsutvikling i Sogn knytta til dette.

Vestlandsforsking vil i utgreiinga sjå særleg på «hard» teknologi; tekniske endringar av produksjonsprosessar og/eller produkt og «mjuk» teknologi; praksisendringar av produksjonsprosesser og/eller produkt. Informantar vil vera lokalt næringsliv og offentleg forvaltning. 

Arbeidet vil bli kobla til det nye nasjonale kunnskapssenteret for bærekraftig klimatilpassing lokalisert i Sogndal, NORADAPT (www.klimatilpasningssenter.no).

Sogn regionråd har løyvd midlar til prosjektet. Resultata vil bli lagt fram på ein nasjonal konferanse om klimatilpassing og næringsutvikling 23.-24. april. 

Prosjektbeskriving

Les meir om senteret for bærekraftig klimatilpasning