Bli ein av oss? I kommunane er jobbmoglegheitene mange. Vi treng eit vidt spekter av kompetanse og er på jakt etter ambisiøse personar, med lidenskap for lokalmiljø og utvikling. Vi tilbyr eit spennande samfunnsansvar, eit vidt spekter av arbeidsoppgåver og fleksible arbeidsdagar med stort spelerom for fritidsinteresser.

Bli med oss på ei uformell samling før karrieremessa i Bergen. Ta med spørsmål og nysgjerrigheita di, få eit innblikk i kvardagen vår og bli inspirert. Dette blir moro!

Du møter leiarar og tilsette i kommunar som strekkjer seg rundt store delar av Sognefjorden; Aurland, Balestrand, Høyanger, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal.

Kom til Scandic Ørnen onsdag 13. februar kl 15-17 og høyr meir frå oss som jobbar her. Kanskje finn du draumejobben i Sogn? 

Program
Stad: Hotel Scandic Ørnen, Lars Hillesgt 18
15.00: Servering
15.30: Velkomst v/ordfører Jan Geir Solheim
15.40-17.00: Leiarar og tilsette i ulike avdelingar og kommunar fortel kort om moglegheiter og karriereval:
- Helen Koldal, kommunalsjef helse og omsorg, Årdal 
- Tunde Nesbø, fagutviklar i helse og omsorg, Aurland 
- Ole Gunnar Krakhellen, kommunalsjef oppvekst, Sogndal
- Synne Vefring, kommuneplanleggjar, Høyanger 
​- Aase Bruntveit Njøs, tenesteleiar for samfunnsutvikling og kultur, Leikanger

Kvar presentasjon tek mellom 10-15 minuttar. Det blir lagt inn pause.

Følg arrangementet på Facebook