Det er viktig at verksemdene i regionen har tilgang på nødvendig fagkompetanse innan vidaregåande opplæring og høgskuleutdanning. Vi har inngått ein partnarskapsavtale for å auke tal læreplassar i Sogn og avtalen inneheld fleire konkrete tiltak for å nå felles mål. Gjennom denne avtalen samordnar partane innsatsen slik at vi lukkast med å få fleire læreplassar i regionen og rekrutterer fagarbeidarkompetanse til arbeids- og næringsliv. 

Kommunane i Sogn regionråd deltek i det regionale utviklingsprogrammet for barnehage- og skuleutvikling System for styrka læring. Målet med utviklingsprogrammet er auka læringsutbytte for alle, gjennom styrka tilpassa opplæring og redusert bruk av spesialundervisning. Dette er eit niårig program som starta i 2013 og varer til 2021. 

Les om utviklingsprogrammet System for styrka læring