Kva påverkar busetjingsvalet?

Arbeid er avgjerande, men også vener/sosialt nettverk, kultur og fritid og tilgang til natur er viktige faktorar for busetjingsvalet viser svara vi fekk inn på karrieremessene i Trondheim, Oslo, Bergen og Sogndal.

Nærare 300 deltakarar frå karrieremessene i dei tre byane og Sogndal svarte på spørjegranskinga vår, og dei var i alderen 20-35 år. Vi ville vita meir om kva som er viktig for busetjingsvalet etter endt utdanning. Spørsmålet vi stilte var "Kva faktorar påverkar kvar du buset deg?" og vi sette opp nokre alternative faktorar som dei kunne svara på om var viktige eller ikkje.

Ikkje overraskande er arbeid avgjerande. 3 av 4 svarte at arbeid er svært viktig for deira busetjingsval. Vener/sosialt nettverk skårar også høgt, og over halvparten meiner vener /sosialt nettverk er ein svært viktig faktor. 1 av 3 meiner kultur og fritid og tilgang til natur er svært viktig. Faktorar som levekostnader, barnehagetilbod og oppvekstforhold vart vurdert som mindre viktige for kor dei ville busetja seg.

Undersøkinga viser at vi bør ha fokus på å få ungdom til å knyta og halda på band til Sogn. Gode velferds- og tenestetilbod innan barnehage og skule/utdanning mv er tilbod som ungdommen tek for gitt er gode. Regionen må ha kvalitetar utover gode tenestetilbod og arbeidsplassar for å vera attraktive. Resultata tek vi med oss når vi ser på tiltak for å auka tilflyttinga til Sogn.

Sjå diagramma som viser korleis svara fordelte seg.

 

 

2011-04-28 Karina Nerland
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut