Lærande barnehagar i Sogn

Høgskulen har granska om barnehagane i indre Sogn er lærande organisasjonar

Høgskulen i Sogn og Fjordane, no Høgskulen på Vestlandet, har etter oppdrag frå Sogn regionråd gjennomført ei gransking av barnehagane i indre Sogn der tema er lærande organisasjonar. Granskinga har vore i tett samarbeid med styrarnettverket og har teke utgangspunkt i å måle i kva grad ein barnehage er lærande og såleis framstår som ein lærande organisasjon. Dette arbeidet har munna ut i rapporten Barnehagar som profesjonelle praksisfellesskap? Ein studie av lærande barnehagar i indre Sogn.

Undersøkinga tyder på at tilsette opplever at deira kompetanse vert brukt, og deira meiningar kjem fram og vert akseptert i den organisasjonen dei arbeider i. Det vert vist til at kommunane som organisasjonar ser ut til å variera som ramme for organisasjonslæring, medan barnehagane som samla system står fram som eitt tett, integrert fellesskap. 

Rapporten viser til at det nettverksorganiserte utviklingsarbeidet i indre Sogn framstår som eit godt døme på korleis arbeidsplassbasert utvikliings- og kunnskapsarbeid kan organiserast i stor skala på måtar som byggjer lærande organisasjonar.

Øyvind Glosvik, Gunstein Pytte, Anne Grethe Sønsthagen har gjennomført forskingsprosjektet med god hjelp frå 228 informantar frå barnehagane i indre Sogn.

Rapport om lærande barnehagar i Sogn, 2016

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut
Design: CustomPublish AS | Publiseringssystem: CustomPublish AS