”Lærende nettverk. Motivasjon, ledelse og arbeidsmåter”

Samarbeid og arbeidsmåtar om skule- og barnehageutvikling i Sogn var døme på fire samlingar for Utdanningsdirektoratet, i samband med satsinga ”Ungdomstrinn i utvikling”

I samband med Stortingsmelding 22 (2010 – 2011) Motivasjon – Mestring – Muligheter, skjer det no ei stor satsing på ungdomsskulane. Målsetjinga er at eit meir variert, praktisk, relevant og utfordrande ungdomstrinn skal auke elevane si motivasjon og læring. Satsinga har tre fokusområde:

  1. Skulebasert kompetanseutvikling, altså kollektiv kompetanseutvikling på arbeidsplassen.
  2. Satsing på klasseleiing, rekning, lesing og skriving
  3. Nettverk for erfaringsutveksling og profesjonsutvikling

Alle ungdomsskulane i landet skal vere med i denne satsinga, som går over fire år. Sogn regionråd vart invitert til å halde ein times førelesing på fire av oppstartssamlingane i denne satsinga. Ønske frå Utdanningsdirektoratet var å vise samanhengen mellom gode fagnettverk og gode skulefaglege resultat – over tid.

I Sogn har vi arbeidd aktivt med lærande nettverk i skulane sidan 1999. No har vi også etablert metodikken for alle dei 42 barnehagane i Sogn. Gode nettverk gir gode resultat. Det er erfaringane frå Sogn. Lærande nettverk er også infrastruktur for satsinga på ungdomstrinnet.

Presentasjonen frå programleiar Claus Røynesdal si førelesing på Gardermoen 4. mars 2014

Døme på fagnettverk norsk, og døme på fagnettverk matematikk.

Prosedyre for fagnettverk skule

Program

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut
Design: CustomPublish AS | Publiseringssystem: CustomPublish AS