1. Programstyret skal vere samansett av representantar for aktørar som arbeider med barnehage- og skuleutvikling. Sogn regionråd set saman programstyret. Representantar vert normalt valt for to år.
  2. Sogn regionråd vel ein av ordførarane til å leie programstyret. Programleiar er sekretær for programstyret. Programleiar har saman med dagleg leiar i Sogn regionråd ansvar for å drive fram og koordinere dei ulike tiltaka i programmet. Dagleg leiar deltek på styremøta.
  3. Aktørar som blir invitert til å delta i programstyret peikar sjølv ut representantar til programstyret.
  4. Programstyret rapporterer til Sogn regionråd som folkevald styringsorgan. Sogn regionråd godkjenner handlingsplan, årsmelding og budsjett.
  5. Viktige oppgåver for programstyret er å:
    a) ta initiativ til og byggje opp under faglege- og organisatoriske utviklingsprosessar.
    b) sikre politisk og administrativ forankring i kommunane.
    c) informere og forankre i eigen organisasjon.
    d) bringe eigne relevante satsingar inn til drøfting i programstyret.
    e) vere pådrivar for å nå dei overordna måla for utviklingsprogrammet.
    f) bidra til å koordinere tiltak i programstyret og eigen organisasjon.

Vedteke i Sogn regionråd i møtet 13.9.2013